Fottur til Middagsfjellet og Nonsnipa (Sanddalsfjellet)

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 9,2 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 722 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Turen over Middagsfjellet og Nonsnipa gir fin utsikt over store delar av Jølstravatnet, der du får sett grendene og fjella rundt vatnet. Turen opp ryggen til Middagsfjellet gir flott utsikt vestover, der du om kveldane kan få fantastisk solnedgang.

Middagsfjellet: Frå parkeringa på Trinta i Gjesdalsdalen går du på sti i nordaustleg retning. Etter ca 100 m deler stien seg, hald til venstre mot Middagsfjellet. Stien går opp lia i nordleg retning mot Sveigen. Mellom Trinta og Sveigen er det to parti som er litt myrlendte. Frå Sveigen følgjer du ryggen i tørt og lettgått terreng i austleg retning opp til toppen.

Frå Middagsfjellet til Nonsnipa (Sanddalsfjellet): Frå varden på Middagsfjellet ser du Nonsnipa mot aust, føl ryggen ovanfor Trollebotnen austover. Terrenget på ryggen er tørt og fint, mens du møter på noko enkel ur i skaret mellom dei to toppane.

Tips:
Frå toppen av Nonsnipa kan du gå vidare på godt merka sti til Sanddalen. Frå Nonsnipa går du nedover ryggen på noko stein og berg i nordaustleg retning. Etter kvart som du nærmar deg skiltpunktet på Legdene 725 moh. vert det meir lettgått og fint lyngterreng med noko myr. Frå skiltpunktet går du eit kort stykke vidare i same retning før du dreiar sørover og kjem inn på skogsveg. Følg denne vidare ned til Sanddalsdalen og parkeringa på Husbakke.

Frå Middagsfjellet er det òg mogeleg å ta seg ned til Gjesdalsvatnet ved å følgje nokre usamanhengande saueråker. Desse går litt aust for Støylsfjellet og ned mot vestlegaste del av Gjesdalsvatnet.

Mellom Nonsnipa og Middagsfjellet er det mogeleg å ta ein avstikkar ned til vatnet som på folkemunne vert kalla «Trollauget». Her er det mogeleg å ta seg eit forfriskande bad på varme dagar.

Rett under toppen på Nonsnipa er det plassert ein varde på eit utsiktspunkt som gir enno betre utsikt enn du får frå sjølve toppunktet. Du finn utsiktspunktet ved å ta deg ned eit kort stykke i nordleg retning frå toppen.

Fakta:
Middagsfjellet: 3 km og 600 hm
Nonsnipa(Sanddalsfjellet) : 4,5 km og 670 hm
Heilt fram til parkering Husbakken i Sanddal : 9,8 km

Hugs:

  • All ferdsel er på eige ansvar
  • Du kan ferdast fritt i utmark til fots
  • Fri ferdsel skal ikkje vere til skade eller ulempe for andre, eller for plante- og dyreliv
  • Det er bandtvang i Sunnfjord kommune i perioden 1. april – 1. november
  • Der stiane går over innmark og beiteområde må du vise ekstra omsyn, og late att grindene etter deg

Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.

Adkomst med egen bil

Køyr av Jølstravegen (E39) over brua på Vassenden og inn på Nikolai Astrups veg. Følg denne vegen fram til fotballbane og Vassenden skule. Her tek du av opp Gjesdalsvegen. Følg denne til øverste gardane der du køyrer inn på skogsveien som ligg aust for Gjesdalselva. Betaling for å køyre på skogsveien er med Vipps.

Parker på parkeringsplassen Trinta i enden av skogsvegen. Her er dyr på beite. Parkering er på eige ansvar.

Adkomst med kollektivtransport

Ta rutebuss som går langs Jøstravegen (E39). Gå av på haldeplass på Vassenden ved brua over Jølstra. Gå til turstart på parkeringsplassen på Trinta i Gjesdalsdalen.

Annonse

on the path