Ein lett og fin tur i vakker natur.
Vi går i litt myrete terreng i starten, men på god sti det meste av turen. Der er delvis steinlagt frå vegen og opp til Kvilestøylen.
På Tisthammarskaret er der fleire vatn der vi kan fiske og bade. Der er laga til med steinbord og benkar, så her er fint å ta ein matbit. Det er berre å ta med telt om du vil overnatte.
Om ein vil, går ein langs ved vatna og får utsikt til Nordfjorden. Turen kan sjølvsagt kombinerast med ein tur til Dunheia og Nordstrandsfjella, eller mot Snøfjellet, Fløtravarden og til Utviken.
Turen tar ca ein time ein veg.