Fottur til Brendefjell fra Seimsåsen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,9 km
  • 2 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 221 høydemeter totalt
  • Sesong: Des - mar, jun - okt

Lett ettermiddagstur fra Seimsåsen i Årdal til utsiktspunktet på Brendefjell. Går på merka sti fra parkeringsplass like nedanfor Aosahytta (skihytta på Seimsåsen) og langs skiløypa eit godt stykke før den tek litt andre ruter. God og merka sti i variert terreng som kryssar ein del myrer (kan vere blautt) før den ender opp ved grillhytta på Brendefjell der ein kan ta med seg både mat og drikke og slå seg ned for ein god rast. Nokre få meter lenger unna kan ein gå heilt til kanten og sjå ned igjen til Naddvik, ut Sognefjorden og langt innover fjella rundt. God utsikt undervegs til mellom anna Hurrungane, Offerdalen og Årdalstangen i godt vær.

Turen er normalt køyrt med snøscooter og merka vinterstid.

NB: Kartsporet er noe grovt tegnet inn. Som hovedregel bør du navigere etter faktisk sti og fysisk merking i terrenget.

Adkomst med egen bil

Bil til Årdalstangen og merka veg til Seimsåsen.

Adkomst med kollektivtransport

Buss til Årdalstangen og eventuelt taxi til avgangspunkt.
Annonse

on the path