Ein fin tur som går på skogsveg og i rås/sti. Botnavatnet ligg på 841 moh så det er god stigning. Ein stille og roleg dal med fin utsikt til Oppstrynsvatnet, bygdene og fjella rundt det.
For å kome til utgangspunktet køyrer ein austover fra Stryn sentrum til Storsunde ca 10 km. Ta av mot Flo og køyr til Veslebygda. Det står eit lite skilt "Furedalen" ved bygdeveien og ta der til venstre opp bakkane. Køyr til veien deler seg. Parker på utvidinga. Ingen bompenger.