Skredhaugen, Munketrimmen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 5,8 km
  • 1 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 116 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Skredhaugen er eit friluftsmuseum eit par kilometer nord for Lofthus, i Ullensvang Herad. Muséet består av ei samling gamle trehus som er laga i den tradisjonelle stilen som var vanleg i Hardangerbygdene for 100 - 200 år sidan.

Skredhaugen er ein av turane i munketrimmen. Munketrimmen er eit trimtilbod på Lofthus som består av 10 ulike turar. Går du 8 av turane, (6 av 10 under 12 år) får du flotte premiar). Søk på Munketrimmen, arrangør UTIL (Ullensvang turn- og idrottslag). Turen er lagt opp til å gå frå Lofthus sentrum og langs fylkesvegen, forbi Opedal skule, opp til Lofthus camping og vidare ned til skredhaugen.

Info om Skredhaugen. Skredhaugen vart kjøpt av kunstnaren Bernhard Greve i 1918. Etter oppkjøpet flytte han fleire gamle hus hit frå ulike gardar i Sørfjorden og lukkast i å skapa eit naturtru museum. Skredhaugen er i dag eigd av Hardanger Folkemuseum. Inni husa finn ein i dag kunstutstillingar, og om lag 2000 gjenstandar frå det gamle Hardanger. Det er gratis å vitja og sjå på Skredhaugen heile året. Om sommaren kan ein dessutan få guiding rundt om på Skredhaugen. På sumaren han ein også oppleva geiter som beitar, og spesielt populært er det når geitene har fått kje, spesielt for borna.

Adkomst med egen bil

Turen startar i Lofthus sentrum og går langs fylkesvegen. Parkering i sentrum. Turen er lagt opp til å gå frå Lofthus sentrum og langs fylkesvegen, forbi Opedal skule, opp til Lofthus camping og vidare ned til skredhaugen.

Adkomst med kollektivtransport

Buss frå Odda, Eidfjord, Geilo, Voss stoppar rett ved ved daglegvarebutikken på Lofthus. Hurtigbåt i sommarsesongen frå Norheimsund (busskorrespondanse til/frå Bergen) stoppar også her.
Annonse

on the path