Fottur Steindalen til Blåfjellet 796 moh

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Krevende fottur
  • 15,9 km
  • 6 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 578 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt

Dette er ein tur for deg som liker utfordringen å fine fram etter gamle tråkk/stiar. Det er ikkje like lett å sjå kor ein skal gå, men det var flott når ein kom opp i høgda.

Varden på Blåfjellet ligg i grensa mellom kommunane Kinn og Sunnfjord søraust for Steindalen. Hit kan du gå frå fleire stadar, denne turen startar frå Steindalen.

Start ved brua innerst i Steindalen, gå over brua og følg traktor/skogsvegen austover på nordsida av elva. Ca. 100 meter etter grinda ved sankegarden fylgjer du vegen til høgre. Fortsett på traktorvegen til du kjem til Rimmaelva, gå over steinbrua og kryss sør om elva som kjem austfrå. Følg ryggen oppover på nordsida av Albotnen, fortsett austover bergryggen nord for Gavlehola og sving sørover der berga svingar og går rett opp på kanten av Hesten. Du vil no sjå varden på Blåfjellet, fortsett rett sørover til du er aust for varden, sving så vestover mot toppen. Du kjem inn på stien opp frå Kingla i Naustdal følg den til toppen.

Utsikt til Førdefjorden og vestover mot øygarden. Heilefjellet i sør.

Sporet i kartet vart gått 19 07 20. Det er ei rettesnor kor ein skal gå.

God tur!

Adkomst med egen bil

Fv 541 og ta av til Steindalen. Parker ved Steindalsbrua.
Annonse

on the path