Steinbu

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 10,7 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 583 høydemeter totalt
  • Sesong: Jun - nov

Frå Byrkjeland i Steinsdalen på skogsveg mot Blomsete og seinare Gullvotni. Her sluttar vegen,og du fortset på sti. Stien er delvis merka med skilt heilt fram til Steinbu.

Skogsvegen er svært bratt i starten, men flatar ut og mellom stølane og til Steinbu er det berre nokre småkneiker.

Inne i Steinbu ligg det ei bok med nedskriven historie frå hendingane under krigen då bua vart brukt som gøymestad for motstandsfolk. Behandle den og sjølve bua forsiktig.

Adkomst med egen bil

Frå FV7 ta av mot Lid jarnindustri forbi den og over Steinsdalselva. Startpunktet ved Byrkjeland er skilta. Godt med parkering tildømes ved Dalatun litt lengre i retning Norheimsund.
Annonse

on the path