Kvistefjellet frå Sæbøvågen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,0 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 326 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Turen startar i Sæbøvågen, der ein kan parkera. Følj grusvegen, og deretter merka sti mot Kvistefjellet.

På vegen passerer me Kvalvika, eit nedlagt, veglaust småbruk. Me går også i nærleiken av øydegarden Grimstad, som ikkje har vore busett sidan svartedauden i 1349.

Toppen på Kvistefjellet er 209 moh, og det nest høgaste fjellet på Radøy. Herifrå har du flott utsikt over store delar av Radøy og nabokommunane, og mellom anna mot Masfjordfjella, Gulen, Fedjeosen, Øygarden, Sotra, byfjella og Gullfjellet. Det er lagt ut bok ved det lille bygget ved toppen, og her finn du også posten for "15 turar i Alver" 2018.

Denne turen tar kring 3 timar tur/retur. Om du ynskjer ein kortare tur til Kvistefjellet, kan ein gå frå Kviste.

Adkomst med egen bil

Parkering i Sæbøvågen
Annonse

on the path