Fottur Tonheimslia til Strandanipa

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 8,3 km
  • 3 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 631 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Strandanipa med sine 668 moh er ein mykje besøkt fjelltopp der varden ligg på kanten av fjellet med Eikefjorden nede i sør og 360 grader utsikt til fjella omkring.

Parker ved Rv5 avkjørsla opp til Tonheimslia og gå grusvegen opp til garden. Garden ligg ved vegs ende. Stien går vestover i terrenget rett ovanfor husa og under nokre høgspentliner. Følg stien som tek av litt til høgre. Gå vidare oppover og kryss ei lita elv og gå opp ein liten bergvegg. Terrenget er litt myrete. Du kjem så inn på stien som er merka med raude trekanter, gamal ferdselsveg.

Følg merkinga oppover til pilskiltet som viser austover til Strandanipa.

Stien til Strandanipa er merka med måling og varding. Vel oppe kan du nyte utsikta både aust -, sør- og vestover. Ned att kan du gå same vegen eller du kan gå vidare austover til Hovlandsstølane eller via Flatenipa og Nipevatnet og ned til Hovlandsstølane. Det er ikkje merka sti, men lett og fint fjellterreng.

God tur!

Adkomst med egen bil

Starter frå Rv 5. Tonheimslia grusvegen opp til garden eller Tonheim på Tonheimsstranda ved nedlagt gardsbruk

Annonse

on the path