Fottur Brandsøyåsen frå Havhesten

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 7,9 km
  • 2 t, 30 min
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 295 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året

Brandsøyåsen med sine 290 høgdemeter og 360 graders utsikt, er Florøs mest besøkte byås og vel vert turen. Det er mange stiar opp til Brandsøyåsen.

Denne turen startar ved symjehallen Havhesten. Her endar stien frå Fugleskærskaia og Flora Omsorgssenter.

Ved symjehallen Havhesten kryssar du hovedvegen, går langs kanalen og opp bakken over høgda på Nygård. Du kjem ned til Nybøvegen. Gå til venstre og over vegkrysset, ta inn til høgre og følg vegen sør for husa. Gå opp grusvegen til den lille bakketoppen, ta til høgre og gå grusstien gjennom skogen oppover mot Fagerdalen. Det kjem også ein sti inn fra Dyreholtvegen. Vidare over til Fagerdalen, der kjem det ein sti til opp frå Dyreholtvegen. Her tar du til høgre og går den grusa stien til endes og du nærmar deg parkeringsplass.

Ved parkeringsplassen tar du av til venstre og opp skogsvegen eit stykke. Der den svingar mot høgre, går du rett fram og ut på stien i terrenget. Følg stien / hovedtråkket oppover. Her kjem også stien frå Krokane Skule opp. Du går på høgre sida av ballbingen rett før Torvmyrane Skule. Kryss vegen og gå vidare på traseen på venstre side av skulen utanfor gjerdet. Halvvegs og rett før den bratte stigninga ved Sherpatrappene kjem stien opp frå Solheim i Tofleskardet. Fortsett vidare oppover til toppen av Brandsøyåsen.

Turtips: Siste høgda før toppen, ta til venstre og her finn du Oppturvarden som vart bygd i Friluftslivets år i 2005. Det er ein stein frå kvar kommune i varden med inngravert kva kommune den kjem frå.

På toppen er det gapahuk, kikkert og platting med bord og benker. Heile året og heile døgnet kan ein nyte utsikta frå toppen av Brandsøyåsen.

Frå toppen av Brandsøyåsen kan du velge andre opp og nedgangar. Det er mange stiar. Denne turen går tur retur.

God tur


Adkomst med egen bil

Det er muleg å parkere ved symjehallen Havhesten, Trafokiosken på Nybømarka, ved butikken/skulen på Krokane, ved Kvenhuselva på Solheim, Brandsøy Parkering ved bomvegen opp til Brandsøyåsen og ved Brandsøy skule. Parkeringsplass ved Torvmyrane skule.
Annonse

on the path