Fottur Grytadalen. Klauvene til Stillebåen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 4,3 km
  • 3 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 429 høydemeter totalt
  • Sesong: Feb, apr - nov

Stillebåen er 575 moh og ligg foran og mellom toppane Terdalkeipen og Klauvekeipen.

Det er pågåande anleggsarbeid i området ifbm bygging av reservevassforsyning for Florø. Ver vennleg vis hensyn når arbeid pågår mandag til torsdag, fri fredag til søndag. Det er greit å gå opp på austsida av Klauveelva og den gamle stølsvegen som tidlegare, då krysser ein rett over anleggsvegen og går vidare der det er murt opp ei steintrapp. Då kjem ein inn att på stien vidare oppover.

IKKJE å anbefale å gå anleggsvegen eller følge dei blå merkesteinane på vestsida av elva!

Kjør vegen innover mot Klauvene ca. 1,5 km. Parker rett etter fjellskjæring og grind. Litt lenger nede finn du skiltet «Gamle stølsvegen». Følg denne stien som er skilta vidare mot stølen gjennom skogen og oppover mot Keipevatnet. Hald på høgre sida av Klauveelva. Kryss over moreneryggen på søre enden av Keipevatnet. Gå litt nordover før du dreier av mot toppen. Det er ikkje sti oppover. Dersom du ønsker å gå til Klauvestølen herifrå, føl du stien vidare på vestre sida av vatnet i retning mot Rundevatnet.

Stillebåen - det første ein ser når ein kjem inn frå havet er ein båe som stikk opp, og brukt som seglingsmerke som ein då kunne stille kursen etter mot land.

God tur!

Adkomst med egen bil

Kjør på Fv 614 til du kjem til skiltet som viser til Klauvene i nedre del av Grytadalen
Annonse

on the path