Parker ved Orre samfunnshus og følg Roslandsvegen nordover. Sving inn Theavegen til høgre mot byggefeltet Pollestadmyra. Det er her det meste av utbygginga i Orre har skjedd dei siste tiåra. Du ser idrettsplassen med fotballbane og Orrehallen, Sølvberget, Orre barnehage og skulen. Dette er område kor ein ser resultat av tusentals dugnadstimar, noko som har gjort Orrebygda kjent utover landet.
Deretter følger du Pollestadvegen slakt oppover mot Salteskogen. Her passerer du Degerheia og sjølve Degersteinen på høgre side før du kjem til bedrifta Moi A/S. Frå Pollestadvegen tek du av til Salteskogvegen og følger den til hovudinngangsporten for Salteskogen. I Salteskogen er det fine stiar og sitjeplassar. Det er få merke langs løypa i skogen, men du kan anten gå heile løypa (8- tal) eller ein av rundane. Er du heldig kan du møta både ekorn, hare og rådyr i skogen.
Etter ein god runde i Salteskogen følger du Salteskogvegen tilbake til krysset ved Pollestadvegen og tar til venstre. På toppen av bakken er det fin utsikt mot havet.
Ta til høgre når du kjem til Saltekrossen og følg Saltevegen til du tar opp til høgre igjen og kjem inn på Øgardsvegen. Landskapet vest mot havet har gitt oss gardsnavnet Salte, som tyder låglendt, sumphaldig land.
Langs Øgårdsvegen ser du Åsemyra, i dag grøn og graskledd. Her var det for 50 -60 år sidan eit tjuetals torvbear kor folk skaffa seg brensel. På Øgård ser du Øgårdsholmen som før senkinga av Høylands-Øgårdsvatnet, kring år 1900 var ein holme i dette vatnet.
Når du kjem til Åsevegen, går turen til høgre, forbi Orre kyrkje som vart teken i bruk i 1950, og tilbake til parkeringsplassen ved Orre samfunnshus. Men men ta først ein avstikkar til venstre, 50 meter langs Åsevegen der du kan sjå ein godt bevart del av festung Norwegen, pansergarden og grøftene som tyskarane bygde i 1943 for å hindra tanks og tunge kjøretøy å ta seg inn ved ein eventuell invasjonen frå havet.