Over Midtfjellet til Kongsen

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 6,0 km
  • 2 t
  • Rundtur
  • 274 høydemeter totalt
  • Sesong: Hele året
Turen starter på grusveg opp frå hovudvegen ved Kalvenes. Oppe på flaten tek du lett til høgre og deretter til venstre ut i terrenget før pumpestasjonshytta. Turen er ein umerka natursti i ope terreng. Den er godt opptråkka, slik at det likevel er greitt å finna fram.
Terrenget er først lett stigning over bekk og berknauser blandt einer og lyng til du kjem opp på fjellryggen i vest. På dager med god sikt kan du heile tida nyta utsikten i alle himmelretninger i det opne landskapet. Høgaste punktet på Midtfjellet er omlag 160moh.
Turen går så vidare i sydvestleg retning, rundt Longatjern og ned i Kongsdalen. Her tangerer du den merka Nordsjøløypa og går deretter langs stien mot venstre for å skrå opp fjellsida mot Kongsen. Denne delen av løypa har jamn og fin stigning.
På Kongsen har du 360 grader utsikt til heile søre delen av kommunen og nabokommunane.
For å komma attende til utgongspunktet veljer du stien som er tråkka mot nordvest i retning mot Kalvaneset. Første del er noko bratt i stein, før den flater ut bort til grusvegen. Heile rundløypa måler 6 km

Adkomst med egen bil

Det er parkeringsområde langsmed hovudvegen på Longastykket. Grusvegen har grind og ligg vinkelrett på hovudvegen.
Bussruter til og frå Stolmen har stoppestad i nærleiken.
Annonse

on the path