Stølstur frå Høyheimsvik til Flatningane

Publisert av privatperson
Legg til huskeliste
Annonse
  • Middels krevende fottur
  • 11,1 km
  • 4 t
  • Turen går tur/retur samme vei
  • 793 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - okt
Ein tur med flott utsyn over Lustrafjorden og Feigefossen. På Flatningane er det roleg stølsatmosfære. Høgdeskilnad: 720 m.

Følg bilvegen med skilting og T-merking mot Navarsete. Der busetnaden sluttar tek traktorveg vidare oppover i bratte slyng til garden Kolstad. Merka sti held fram i bratte slyng opp til stølane på Flatningane. Flott utsikt over Lustrafjorden med Feigumfossen på andre sida av fjorden. Frå Flatningane er det fleire turmogelegheiter vidare. Det er stidele for turar til bygda Nes, langs Eggi til Grånosene, rundt Flatningane via Stordalsskar og Bergsskard, ned til Engjadalen eller mot DNT sin sjølvbetjeningshytte Navarsete. Det er ikkje vatn å finne før bekken ved Flatningane, så sørg for å ha med nok drikke til turen opp dit.

Adkomst med egen bil

Parker ved fv 55, ved avkjørsla til Høyheim.
Annonse

on the path