Tordisnuten (440 m.o.h.) frå det gamle skulehuset i Stokkadalen

Legg til huskeliste
Annonse
Turen startar ved traktorveg like nedanfor det gamle skulehuset i Stokkadalen. Skogsvegen er god å følgja oppover. Du vil sjå nokre namneskilt langs vegen – t.d. Longabrekka og Trollsvingane. Desse namna har sine historiar. Der du tek av frå skogsvegen, er det merka med skilt til Tordisnuten. Ved dette vegskiljet står også eit skilt som viser vegen...

Adkomst med egen bil

Ta av E134 ved Knapphus og inn på Rv. 46 mot Nedre Vats. Følg vegen 5 km ned til Kårhuskrysset der du svingar til høgre og kjører vidare 2,3 km ned til Åmsosen. Like før du kjem til Hatteland på kaien, må du ta av til venste , sjå skilt. Kjør 4,5 km frå Åmsosen mot Stokkadalen – eller 1,5 km lenger inn enn frå Tjelteit - til du kjem til det gamleskulehuset i Stokkadalen. Skilta P – plass like ovanfor skulehuset hos grunneigar Harald Selsås.
Annonse