Flugestøylen

Legg til huskeliste
Annonse
  • Enkel fottur
  • 2,1 km
  • 1 time
  • Turen går én vei, fra A-B
  • 141 høydemeter totalt
  • Sesong: Mai - nov

Flugestøylen er ein fin og kort støylstur, på svært god sti i relativt lett kupert terreng. Turen passar godt som familietur for dei med små ungar. Vaksne brukar kring 20-30 minuttar ein veg, og det er ein koseleg støylsplass å raste på. På varme sommardagar er det også fint å bade i elva som renn nedanfor støylen. Turen til Flugestøylen passar ...

Adkomst med egen bil

E39 ved Jølstraholmen. Køyr mot øvste gardane over Hjellbrekkefeltet. Du må køyre på skogsveg opp til Flugedalen siste stykket. Bonden som eig skogsvegen plar setje opp tydeleg merking av kvar du kan parkere mot betaling (Vipps). Pass på å parkere der bonden har merka av for dette, og set frå deg bilen slik at du ikkje er til hinder for gard- og skogsdrift. Dette er eit mykje brukt turmål, og det kan bli mange parkerte bilar. Pass derfor på å parker slik at det vert plass til andre som og vil ut på tur. 

Annonse