Kvamsfjellet er ein flott tur i vestre del av Jølster med stor utsikt over grendene på Vassenden og Jølstravatnet. Varden er første utsiktpunkt. Her er du på det midtarste punktet i Sunnfjord kommune. Det er mange fine delmål og utsiktspunkt undervegs på stien som går via Varden, Stordalsfjellet og opp til Kvamsfjellet. Du kan forlenge turen vidare til Jølster Skisenter på godt merka sti frå Kvamsfjellet.
Frå parkeringa ved Bakkestøylen går du i nordvestleg retning i myrlendt terreng opp til Varden. Frå Varden går du i sørvestleg retning på fin og lettgått fjellrygg til Stordalsfjellet. Hald fram i same retning opp til Kvamsfjellet. Siste stykket mot toppen er det ein del stein og berg.
Turskildring for deg som ønsker å gå vidare frå Kvamsfjellet til Jølster Skisenter på godt merka sti: Frå Kvamsfjellet held du fram i sørleg retning ned mot skaret før du dreiar i nordvestleg retning. Terrenget vidare her består av meir stein og berg. Når du kjem heilt vest på fjellplatået passerer du eit lite fjellvatn som ligg rett aust for utsiktspunktet Ytre Kvamsfjellet. Det er lurt å følgje godt med på merka på stien mellom Kvamsfjellet og Ytre Kvamsfjellet. Her kan det vere fort gjort å gå feil. Frå Ytre Kvamsfjellet passerer du det vesle fjellvatnet på nordleg side. Ta deg ned i nordaustleg retning mot øvste del av skitraseen. Følg sti som ligg rett vest for skibakken og gå via Amfen. Her går du eit kort stykke på sti før du svingar deg inn i skibakken. Hald fram i austleg retning der du kryssar under skiheisen. Hald fram nedover den austlegaste skitraseen ned mot Øygardsstøylen. Følg trekktraseen i bratt terreng ned til varmestova i Jølster skisenter. Om du ikkje ønsker å ta deg ned att Trekktraseen i Jølster skisenter kan du ta deg bort i bilvegen som går opp til Øygardsstøylen og øvre del av Jølster skisenter. Gå vegen ned, eller bli henta ved at nokon betaler bom for å køyre opp.
Tips:
Om du ikkje vil gå heile turen er Varden og Stordalsfjellet flotte og enkle mål å nå. Stor utsikt over Vassenden og Jølstravatnet frå begge punkta.
Å gå over Kvamsfjellet er ein tur som krev godt vær og god sikt. Kjem skodda er det lett å gå feil om du ikkje har kunnskap om orientering.
Frå parkeringa på Bakkestøylen er det mogeleg å ta seg over bruer over Ytstelva og Intstelva for så å gå vidare på turnettet i Gjesdalsdalen. T.d. Vårfjellet og Middagsfjellet.
Frå Kvamsfjellet kan du forlenge turen din ved å gå i kupert terreng til Bordtaket, Tverrfjellet og Stølverlifjellet. Her er det ikkje sti, men ein del dyretråkk å følgje.
Fakta:
Totalt: 9,1 kilometer og 800 høgdemeter om du går heile turen over fjellrekka
Hugs:
Turen er lagt ut i samarbeid med Fjelltrimgruppa i Jølster IL.
Ta av Jølstravegen (E39) på Vassenden og køyr fylkesveg 451 inn til fotballbana ved Vassenden skule. Ta av opp mot Gjesdalen. Følg vegen opp til du kjem til ei bru som går over Gjesdalselva. Like før brua skal du svinge av mot skogsveg der du må betale 50 kr i bompengar (Vipps). Skogsvegen går nesten opp til Bakkestøylen.
Ta rutebuss som går langs Jølstravegen (E39). Gå av bussen på Vassenden ved brua over Jølstra. Gå opp vegen til turstart ved Bakkestøylen.