Bessheim ligg like ved Besseggen i Jotunheimen. Vintersesongen varar frå 11. februar til 17. mai 2021, og Gjendeguiden har guida turar til Besseggen kvar fredag frå fyrst i februar til 19. april. Fottursesongen startar fredag 4. juni i 2021. Gjendebåten startar å frakte passasjerar for å gå Besseggen 12. juni 2021. Gjendebåten går kvar dag fram ...
Veg frå Valdres via Beitostølen og Valdresflye og frå Vågå og Sjoa i Gudbrandsdalen (E6). Bussrute frå Vågå/Otta og Fagernes/Oslo. Valdresekspressen går fleire gonger om dagen gjennom sommar- og haustsesongen.
I vintersesongen kjører du E6 via Lillehammer og Vinstra. På Sjoa svingar du til venstre og kjører opp Heidal til Randsverk. Frå Randsverk følgjer du fylkesveg 51 innover Sjodalen til Bessheim. Fylkesveg 51 over Valdresflya blir ikkje brøytt frå Bessheim og over til Beitostølen frå desember til april kvart år. I år 2021 opnar vegen 1. april. Sjekk vegvesen.no.
Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.
Les mer om SjekkUTSjekkUT-besøk