Grønvassbue

    Legg til huskeliste
    1
    SjekkUT-besøk

    Annonse

    Grønvassbue er ei enkel hytte som tilbyr det mest grunnleggande ein treng for eit godt opphald i høgfjellet. Oppvarmingsalternativet er god gamaldags vedomn, gassbluss for kokking og stearinljos for belysning. Alt du treng av kjøkenustyr finn du i hytta. Det er 2 køyesenger med ekstra madrass slik at ein fint kan overnatte 5 per...

    Fasiliteter

    • Båt
    • Fiske
    Annonse
    Tafjordfjella og ReinheimenReinheimen-Breheimen villreinområde

    Adkomst sommer

    Frå aust følger ein riksveg 15 frå Lom, og frå vest via Stryn om Grotli. Dei fleste hyttene ligg i fjellet, men det er og nokre få som legg ved bilveg.

    Køyr Rv 15 4,3 km vest for Grotli, og ta av ved rasteplass til høgre. Køyr 0,8 km vidare på gamle Geirangervegen mot nord, og parker langs vegen ved bru over Hamsa. Fylg DNT-rute 3,9 km mot Danskehytta til stigkryss med rute frå Grotli. Gå mot søraustre enden av Viksvatnet, gjennom Skrådalen og Vulustrupen fram til Grønvassbu.

    Alternativt kan ein gå frå Stuttgongen ved Øyberg Seter på austsida av elva Vulu - og vidare innover Vuludalen. Dette er litt lengre, men det er mindre stein og ur, og flotte fiskeplassar innover Vuludalen.

    SjekkUT | Grønvassbue

    Samle på fjelltopper, hytter og andre turmål over hele landet med SjekkUT i UT-appen.

    Les mer om SjekkUT
    1

    SjekkUT-besøk