Keipen Turlag

Velkommen til Keipen Turlag !

Keipen Turlag ligg i Bremanger Kommune i Sogn og Fjordane. Her kan du få turopplevingar som spenner frå storhavet til isbre. Kommunen har Norges vestlegaste bre Ålfotbreeen 1385 m.oh, nord Europas høgaste sjøklippe Hornelen 860 m.oh. og mange flotte turar i eit spennande landskap. Keipen Turlag har namnet sitt frå fjellet Keipen 1362 m.oh. Dette er eit landemerke som er synleg i store delar av kommunen.

Bremanger Kommune har eit uendeleg tal lange og korte turar du kan velje i. Her er opplevingar for store og små, unge og eldre. Mange av turane i kommunen har ein merka etter internasjonal standard med grøne løyper som enklast, så kjem blått, raudt og svart, andre er merka med raude merkjer på vardar, pinnar og steinar. T- merka løyper i kommunen er og beskrivne i kartet. Dette er løyper som Hornelen, Keipen og til Ålfotbreen. Dei T-merka turane er merka i kartet for Bremanger. Kommunen har og ei eiga turbok med 104 forskjellige turar å velje mellom.

Keipen Turlag dekkjer Bremanger kommune i Sunnfjord og deler av Nordfjord.

Vi er eit lokallag av Sogn og Fjordane Turlag.

Vi har i dag 216 medlemmar. Keipen Turlag har i 2020

planlagt mange turar i turprogrammet.

Ta kontakt med oss direkte hvis du har spørsmål om desse turane:.

Jannike Brenden Frøyen tlf. 90164788

Annonse